MEB design og foto kan tilby digitalisering av papirfoto, lysbilete (slides), negativ, samt video og film i format VHS, VHS-C, Video8/Hi8 (videoformat) og Standard 8 og Super 8 mm film (filmformat).
Me har fleire års erfaring med restaurering av skada fotografi, t.d. restaurering av skada seksjonar, farge- og lyskorrigering o.l. slik at sjølv dei mest skada og falma bileta kan få liv att. Me har òg lang erfaring med digitalisering og restaurering av video og film, og kan per i dag digitalisere alle vanlege format nytta av amatørvideografar. Hugs at videokassettar har avgrensa levetid, så pass på at du får digitalisert dei før det er for seint, slik at minna kan leve vidare!
Døme på enkel restaurering:
Papirfoto frå tidleg 70-tal i grei stand, men kraftig falma. Digitalt restaurert av MEB design og foto.
Døme på større restaureringg:
Mobilfoto av papirfoto frå 70-talet, slitt og falma, med synlege skadar. Digitalt restaurert av MEB design og foto.
Døme på omfattande restaurering:
Svært skadd fotografi ca. 1940-50, Riven i to, med mange rifter, riper og deler av biletet manglar. Digitalt restaurertav MEB design og foto inkl. rekonstruksjon av deler.
For prisar knytt til digitalisering og restaurering sjå «Prisar».
Døme på video og filmrestaurering:
Super 8 film frå 1977. Digitalisert av ekstern leverandør, restaurert og oppskalert til HD av MEB design og foto.