Grafikk og design

MEB design og foto kan levere ei rekke ulike designtenester, og tilbyr eit stort utval av grafikkprodukt til privatkundar og verksemder, frå bokomslag til plakatar eller nettstader.


Reklamemateriell

Me kan tilby ulike reklameartiklar i både digitalt og analogt format til verksemder, t.d. plakatar, hefter, avis/brosjyre, brevpapir, visittkort o.l.

Alle våre reklameprodukt vert levert som trykkførebudde, digitale filer med CMYK fargekoding. Digitale filer til bruk på nett/skjerm kan òg leverast om ynskjeleg.


Webdesign

Forutan reklameartiklar og grafiske produkt til trykk kan MEB design og foto tilby webløysingar til privatkundar og verksemder. Me tilbyr ferdige webpakkar basert på WordPress til fastpris, men kan òg vere behjelpelege med både enklare og meir avanserte løysingar til avtalt pris. Ved å nytte WordPress som utgangspunkt får ikkje berre du som kunde ein nettstad som er enkel å handsame, men som òg er langt rimelegare enn om ho hadde vore bygd frå botnen av. I våre webpakkar er det òg inkludert opplæring og support i fem år.


Foto

MEB design og foto tilbyr òg fotografering til ulike føremål, til dømes gruppebilete, familiebilete, foto av brudepar, konfirmant o.l. og produktfotografering.


Digitalisering og restaurering

I tillegg til ulike grafikk og designprodukt kan MEB design og foto tilby ei rekke tenester innan digitalisering av analogt media. Per Oktober 2020 tilbyr me digitalisering av papirfoto, lysbilete (slides), negativ, samt video og film i format VHS, VHS-C, Standard 8 og Super 8 mm film.