OBS! Prisane under er rettleiiande og me ynskjer sjølvsagt og imøtekomme alle kundar.
Webpakkar
Me tilbyr fastpris på webpakkar med eller utan logo. Pakken inkluderer oppsett* av nettstad med WordPress, hjelp til opprettelse av webhost og e-post, og tilpasning av nettstaden til kundens ynskje. Enkel fotografering til nettstad, t.d. bilete av tilsette eller kontorlokale, er inkludert innanfor Kvinnherad kommune (reisekostnader kjem i tillegg utanfor kommunen). Etter eit innleiiande møte med kunden sender me skisse av planlagt nettstad, og kunden kan gi tilbakemelding på kva som er ynskja og eventuelle endringar.
Dersom du som kunde treng ein logo kan du kjøpe webpakke med logo inkludert. Då vil me designe logo til bruk på nettstaden som òg vert tilsendt kunden i høgoppløyseleg format. Webpakke utan logo inkluderer digitalisering av logo frå eksisterande bilete.
* Oppsett inkluderer ikkje avansert funksjonalitet som t.d. nettbutikk. Ta kontakt dersom du er usikker.
Teneste | Pris (eks. mva) |
---|---|
Webpakke inkl. logo - Wordpress | 8.000 kr eks. mva |
Webpakke eksl. logo - Wordpress | 5 000 kr eks. mva |
Tilleggstenester web, t.d. nettbutikk. | 300 kr/time eks. mva |
Tilleggstenester design, t.d. reklameavis, visittkort. | 300 kr/time eks. mva |
Tilleggstenester foto | Etter avtale. |
Tilleggsprisane forutset kjøp av webpakke. |
Digitalisering og restaurering
Me tilbyr digitalisering av foto, video og film i mange ulike format. Alle digitalisering inkluderer enkel fargekorrigering og justering, og vert levert som digitale filer på USB minnepenn (ikkje inkludert). Forutan digitalisering tilbyr me òg restaurering av bilete som t.d. er svært falma, skada eller rivne.
* Naudsynt tid ved restaurering varierer ut i frå tilstand. Ei alvorleg / omfattande restaurering kan ta fleire timar, medan enkel restaurering kan ta under 10 minutt. Sjå «Digitalisering og restaurering» under «Våre tenester» for meir info.
Teneste | Pris (eks. mva) |
---|---|
Oppstartskostnad - alle format (per ordre). | 150 kr |
Restaurering av foto - alle format. | 200 kr / time* |
Digitalisering av foto - alle format | 5 kr pr foto (pakkepris ved større ordre). |
Digitalisering av video - VHS/VHS-C/Video8 | 150 kr per kassett (rabatt ved større bestillingar). |
Digitalisering av film - 8mm/Super8 | 250 kr per rull (inntil 400 ft) |
Basisrestaurering film/video (per ordre) | 300 kr |
Designtenester
Forutan webdesign tilbyr me ei rekke designtenester for verksemder, lag og organisasjonar, deriblant reklamehefte, visittkort, brevpapir o.l. Designa vert levert som print-klare PDF til kunden, men me kan vere behjelpeleg med trykk dersom naudsynt. Me tilbyr enkle, animerte reklamefilmar som kan nyttast på t.d. Facebook, infoskjermar o.l.
Teneste | Pris (eks. mva) |
---|---|
Logo fastpris* | 4 000 kr eks. mva |
Reklamemateriell t.d. hefte, visittkort o.l | 300 kr/time |
Reklamefilm, animert, 15 sek | Etter avtale. |
Reklamefilm, animert, 30 sek | Etter avtale. |
3D-printing
Har du ein 3D-modell, prototype eller liknande som du gjerne ville hatt som fysisk modell? MEB design og foto kan hjelpe med printing av modellar inntil 15x15x15 cm, så slepp du bruke mange tusen kroner på ein 3D-print berre for den eine modellen. Prisen av å printe ein enkelt modell vil svært sjeldan Sjå rettleiiande prisar under, eller ta kontakt for eit tilbud.
Teneste | Pris (eks. mva) |
---|---|
Klargjering av modellar og utstyr, større ordre (dersom 10 eller fleire modellar) | 200 kr (per ordre) |
Print liten modell inkl. klargjering (print under 8 timar) | 50 kr + materiale |
Print stor modell inkl. klargjering (print over 8 timar) | 100 kr + materiale |
Materialpris PLA (standard fargar) | 1,50 kr pr. meter |
Materialpris spesial (woodgrain, neon osv.) | 3 kr pr. meter |
Fototenester
Me tilbyr portrettfotografering og fotografering av grupper (t.d. skuleklassar, bryllup osv.). Av fleire omsyn kan diverre ikkje MEB design og foto lengre tilby bryllaupsfotografering og videografi. For fototenester ber me om at du tar kontakt for pris, då mange faktorar speler inn.